Stordal Turlag på Josætra |
Ein litt grå og trist onsdagskveld - passa utmerket til ein kort tur langs ein skogsveg. Vi var sju stykker som la ut på skogsvegen opp til Josætra. Praten gejkk om dei legendariske hopprenna her i påskene før i tida, i regi av Mindor Sæter.
Skogsvegen vart laga til for nokre år sidan i samband med uttak av tømmer. Den er 2,3 km opp, og vi brukte vel 40 minutt opp. Det ligg to hus på Josætra.
Skogsveg heile vegen - greitt å gå. |
Turleiar: Ruth Janne Vinje
Tidsbruk: 1,5 t, 40 min. opp
Deltakarar: 7
Høgde: 417 moh
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar