søndag 19. juni 2016

Hallvardsfjellet

Fire var med på tur til Hallverdsfjellet søndag 19. juni. Etter vekesvis med godt ver, kom "endeleg" ruskeveret søndag. Dermed var det så som så med oppmøtet.
Ved sommarfjøsen i Lia på Dyrkorn

Opp gjennom lyng, skog og skodde.




Vi køyrde til Lia ved Dyrkorn, og starta derifrå. Først i bratt terreng opp til ein sommarfjøs og vidare. Vi kom opp i skodda, og det var lite utsikt å spore. Vi følgde råsa eit stykke, før den vart borte, og vi tok retninga mot Hallvardsfjellet. Vi gjekk gjennom lyng og småskog, og fenn toppen. Ikkje noko problem når ein har GPS...

Turlaget på toppen av Hallvardsfjellet. Litt regn på linsa også...
Pause på hyttene ved Geiteskarvatnet
Dagens utsikt.
Sidan veret ikkje var med oss, bestemte vi oss for å ikkje gå heile runden som først var satt opp. Vi gjekk ned mot Geiteskarvatnet og dei to hyttene som ligg der. Ein kort matpause på trappa til eine hytta, før vi fann vegen nedatt. Her kom også ei kraftig regnbyge.

Fakta:
Hallvardsfjellet, Dyrkorn
Dato: 19.6.2016
Turleiarar: Ruth Janne Vinje
Tidsbruk: 2,5 t
Deltakarar: 4
Fotos: Ruth Janne Vinje 

fredag 10. juni 2016

Rugga - Syltefjellet

Helsing frå utsiktspunktet ved Ruggå
14 personar fekk ein flott tur mellom Fjørå og Valldal.
Starten gjekk frå Hauge i Fjørå. Her var det om lag 25 minuttars gange i greitt terreng opp til Ruggå.
Ruggå er ein stein som ruggar på seg, eit litt fasinerande fenomen. Fleire måtte opp på steinen og prøve. Utsikta ned til Valldal var også flott. Det er bygd ei fin grindløe ved Ruggå.

Hallbjørg Vinje ruggar på Ruggå.
FLott grindløe ved Ruggå.
Turen gjekk vidare mot Syltefjellet. Litt opp og ned, og vi fekk etterkvart utsikt igjen. Vi kom til Kvitsva, ei lita hytte der dronning Sonja hadde etterlatt ei helsing.

Vi gjekk...
...og vi gjekk.
Helsing frå dronning Sonja
Terrenget skråa no nedover og vi følgde raude merker på ein litt utydeleg sti. Vi kom til eit nytt utsiktspunkt, denne gongen rett over Valldal sentrum. Klostertomta var vi ikkje heilt sikker på kvar var. Nokre gjekk tilbake mot Hauge, medan andre fortsette nedover. Der låg tomta til nonnene.

Flott utsikt ut over Norddalsfjorden.


Pause på Syltefjellet.



Fakta:
Ruggå og Syltefjellet, Valldal
Dato: 8.6.2016
Turleiarar: Kjell Magne Hove
Tidsbruk: 3 t
Deltakarar: 14
Fotos: Ruth Janne Vinje 

onsdag 1. juni 2016

Storhornet

Stordal Turlag på Storhornet
Flott tur i flott vêr til Godøya søndag 29. mai. Her gjekk 19 frå turlaget opp på Storhornet, ned fjellsida og langs sjøkanten tilbake.
John Helge Larsen på veg opp fjellet med Alnes i bakgrunnen.

Stig Runar Nakken på Johan Skytt-steinen.

Pause på toppen


På veg nedatt

Litt bratt.
Fakta:
Storhornet og rundt Lesten på Godøya
Dato: 29.5.2016
Turleiarar: Bente Nakken Nilsen og Stig Runar Nakken
Tidsbruk: 5 t
Deltakarar: 19
Fotos: Hallbjørg Vinje