Turar 2017

Onsdag 31. mai: Stordal-Kokarsteinen
Oppmøte Stordal Skule kl 18.00 Turleiar: Ruth Janne Vinje, 91197921
Lett tur på asfalt langs gamlevegen frå Stordal utai tunnelane. Merk at vi må gå eit stykke langs trafikert hovudveg mellom Hovsstranda og Stordalstunnelen. Det er også mogleg å avtale oppmøte på Dyrkorn, og gå til Kokarsteinen. Utai Stordalstunnelen passerer vi gamletunnelen, den nedlagte garden Stamneset og det gamle rasoverbygget. Mykje stein har rasa ned sidan dette var hovudvegen til Stordal. Vi går forbi Flåen og Dyrkorn og vidare gamlevegen utai Dyrkorntunnelen til Kokarsteinen. Det er ca. 8 km. Tilbake kan ein gå, eller vi plasserer bilar der på forhand.

Søndag 4. juni : Eltrane på Sulafjellet
Oppmøte Stordal Skule kl 09.00/ Eikrem (Mauseidvåg) ca kl 10.00
Turleiarar: Ellen B. Daleli, 413 25 913 / Ruth Janne Vinje, 91197921
Middels
Flott tur ut på Eltrane på Sulafjellet. Vi parkerer nokre bilar i Langevåg, og køyrer til Eikrem i Mauseidvåg. Her går vi opp til Rollonhytta og vidare til Vardane (776), som er høgaste punkt på Sulafjellet. Vidare går vi ned til Grøtshornet (650) og ut på Eltrane. Dette er eit litt flatare parti til yste punktet på Sula. Her har ein utsikt til storhavet, Hareidslandet, Godøya og Ålesund. Tilbake samme veg, men vi tek av mot Blåfjellet (334) og kjem nedtatt ved Vasskummen (Moldværsbrauta) i Langevåg.

Onsdag 14. juni: Mosætra (via Storheimsråsa)
Oppmøte Stordal Skule kl 18.00 Turleiar: Kjell Magne Hove, 41660185
Grei tur med litt stigning. Vi startar frå Mo bedehus og går ei rås bak sandtaket ned til Storheim. Vidare råsa opp til Mosætra, 450 m.o.h. Tilbake går vi den meir vanlege råsa ned til Mo bedehus. Mosætra er ein velhalden støl med fleire sel og hytter. Her er ei fin utsikt både ned Stordalen og framover Røysetdalen.

Fredag 23. juni: Hellandshornet (Brattvåg) Midtsommar-/nattur
Oppmøte Stordal Skule kl 18.30/ Hellandhamn v/Brattvåg ca kl 19.30
Turleiarar: Ruth Janne Vinje, 91197921 / Bente Nakken Nilsen, 99627972
Middels
Vi prøver igjen med ein midtsommar-/nattur. Vêravhengig!
Vi køyrer til Hellandshamn ved Brattvåg. Rett aust for ein fabrikk er ei grushole, og her startar råsa. Her går det bratt opp skogen. Vi kjem opp til Høgenosa, der er det opnare og vi får utsikta til havet og Nordøyane utanfor fastlandet. Vidare er det stigning opp til Hellandshornet (884). Dersom vêret og sola er med oss, vil vi sjå solnedgangen. 

Onsdag 9. august: Espehjellen, Stranda
Oppmøte Stordal Skule kl 17.00 (kan bli endra i høve til fergerutene) Turleiar: Jan Helland, 93676494
Vi tek turen med ferga over til Stranda, køyrer opp til elektrisitetsverket. Derifrå er det rås ut til Espehjellen, ein nedlagt fjordgard. Det er ei strekning på omlag 2,2 kilometer å gå på god rås.Espehjellen ligg omlag 180 m.o.h. med utsikt over Storfjorden.

Søndag 13. august: Sandfjellet/Heimsteskorkja
Turleiarar: Bente Nakken Nilsen 99627972 / John Helge Larsen 91369301
Oppmøte Stordal skule kl 9.00.
Krevande
Sandfjellet er synleg frå Stordal sentrum. Litt lenger nord ligg nabotoppen Heimsteskorkja (1322), som er grensefjell mot Ørskog. Frå Sandfjellet er utsikta flott ned mot Stordal og Storfjorden. Går ein dei 400 meterane bort til Heimsteskorkja er det eit heftig stup ned til Litlebotnvatnet.
Vi startar frå Stordal skule og går mot Midtbustgardane. Her finn vi ein skogsveg og etterkvart ei rås som fører oss opp på Mebusætra. Litt etter Mebu må vi forlate råsa og gå gjennom myr, småskog og over bekkar. Etterkvart er det ur og stein, før ein kjem opp til toppen.

Onsdag 23. august: Uriskarbotnen (Seljebotn)
Oppmøte Stordal Skule kl 18.00 Turleiar: Stig Runar Nakken, 93272273
Vi køyrer til Seljebotn og går opp til Uriskarbotn, ca 750 m.o.h. Det er god stigning, og botnen ligg i «skyggen» av dei mektige fjella Seljebotstind, Geitebotstind og Ormula.

Søndag 27. august: Skåla, Loen
Turleiarar: Kjell Magne Hove 41660185 / Alexander Oudijk 45116268
Oppmøte Stordal skule kl 7.30/Loen ca kl 9.30. (Merk at tidspunkt kan bli endra pga fergerutene)
Ekspert
Dette er ein lang tur, heile 16 km t/r, men det er ingen luftige partier. Skåla (1848) er kjent gjennom Skåla opp, eit av Norges hardaste motbakkeløp.
Starten er frå Tjugen i Loen. Råsa er godt trakka, og sherpa har tilrettelagt med steinar gjennom ura. Turen går først ved ei elv, før ein kjem til Skålavatnet på 1142. På toppen er Skålatårnet og den nye sikringsbua Skålabu som sto ferdig i 2016.

Onsdag 6. september: Blåfjellet frå Grytalisætra
Oppmøte Stordal Skule kl 17.00 Turleiar: Ruth Janne Vinje, 91197921
Vi køyrer til Grytalisætra (NB bomveg). Her ser vi turmålet på venstre side. Vi skal gå eit stykke i retning Grytavatnet, før vi tek av og bestig fjellet frå sør-aust. No startar det med litt stigning opp til toppen av Blåfjell, 741 m.o.h.

Søndag 10. september: Litlevasstind
Turleiarar: Alexander Oudijk, 45116268 / Oddbjørn Vad, 91855370
Oppmøte: Stordal skule kl. 9.00
Ekspert
Vi køyrer til  Langsætrane. Her frå går vi forbi Fokhaugen i retning mot Litlevatnet. Etter kvart svingar vi opp mot Ytste Brynebotn, og vi ser eggen vi skal følge opp til Litlevasstind (1490). Det blir ganske luftig langs eggen, som vi skal følge til topps. Frå toppen ser ein alle dei andre flotte fjella i området; bl.a. Fokhaugtind, Trollvasstind og Kamben.

Onsdag 20. september: Gausneset
Oppmøte Stordal Skule kl 17.00 Turleiar: Bente Nakken Nilsen, 99627972
Lett tur på grusveg. Vi parkerer ved Valbøen i Ørskog. Her frå skal vi følge grusvegen som går både i opp- og nedoverbakkar opp mot Gausnestoppen, 287 m.o.h. Vegen vart laga i samband med bygging av kraftlinjer, og dei store mastene står her. Vi går samme retning tilbake, men svingar mot Gausnesgarde og får slik ein liten rundtur.

Søndag 24. september: Bruraskaret, Romsdalen
Kjell Magne Hove, 41660185 / John Helge Larsen, 91369301
Oppmøte: Stordal skule kl. 9.00
Ekspert
Bruraskaret (1440) ligg i Trollveggen, og var i si tid brukt til å kaste seg ut i fallskjerm.
Vi køyrer til Trollstigplatået, der starten er ut mot utsiktsplassen. Her går vi opp Stigbotn og vidare opp eit skar. Her flatar det litt ut, og vi kjem til «Frokostplassen» med ein særmerkt stor stein. Vi svingar mot aust og kjem då til Bruraskaret. Dette er ingen vanskeleg tur, anna enn at det er mykje ur å kjempe seg gjennom.

Søndag 8. oktober: Tretindanibba, Eidsdal
Turleiarar: Bente Nakken Nilsen, 99627972 / Ruth Janne Vinje, 91197921
Oppmøte: Stordal skule kl. 8.00. (Merk at tidspunkt kan bli endra pga fergerutene)
Ekspert
Vi køyrer til Linge og tek ferge til Eidsdal. Vidare til enden av Eidsdalsvatnet, der vi parkerar. Første delen av turen har bratt stigning. Vi kjem opp til Eidsheia, der det flatar ut innover til Oaldsvatnet. Vi rundar vatnet og skråar opp gjennom ura. Det blir enno litt brattare mot toppen. Premien er ei fantastisk utsikt over Synnylvsfjorden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar