Vasstrandegga 20. mai
Bratt start på grusveg. |
Etter ein dag med skikkeleg surver, var vi litt i tvil om nokon ville vere med på tur. Men meldingane sa at det skulle lette klokka 18 - og det gjorde det. Vi køydre utover mot Ålesund, og både veret og humøret steig.
Vi plukka opp ei Vaksvikdame og ein Ørskogbygdar på vegen, og vi vart seks stykker på tur.
Vi køyrde til Spjelkavik, der vi tok av mot Vasstranda. Her var det ein kroglete og smal veg. Ørskogbygdaren hadde gått Vasstrandegga før, og viste oss vegen. Frå parkeringa ver det ein veldig bratt grusveg i starten. Vegen flata eg litt ut etterkvart, men dekke på vegen vart verre, med mykje større steinar/grus å gå på.
Ved demninga i enden av Langevatnet |
Etter tre kvarter nådde vi demninga ved Langevatnet. Ein idyllisk plass med ei oppmura gammal demning. Ein kort stopp før vi hoppa over ein bekk og fann råsa vidare.
Lett å finne råsa. |
Opp mot toppen |
Sola skein gjennom skylaget. Brusdalsvatnet. |
To timar brukte vi heilt opp. Vasstrandegga er det høgaste partiet i Ålesund kommune, medan sjølve toppunktet ligg i Skodje. Kommunegrensa var merka med ein gammal steingard. Frå toppen såg vi mektige Sunnmørsalpar på Sykkylvssida, og jammen fekk vi ikkje sjå ei regnboge også. Vi såg nesten heimatt, mot Gausneset og Skodje.
Gjengen på toppen. |
Utsikta mot Ålesund og øyane utanfor på veg nedatt. |
Fakta:
Vasstrandegga, 561 moh
Turleiarar: Ruth Janne Vinje
Tidsbruk: 3t totalt, 2 t opp
Deltakarar: 6