søndag 24. mai 2015

Aksleskaret

Vaksvika/Viset 6. mai


19 stk til Aksleskaret
Årets første tur gjekk til nabobygda Vaksvika. Annie Furseth var turleiar og viste turfølget på 19 rundt Aksleskaret.

Turfølget med Annie i spissen.
Vi starta turen frå småbåthamna. Her går det bru over elva. Ein kan gå begge vegar til Aksleskaret, vi gjekk turen om Kvitneset. Råsa går rundt Visetneset. Kvitneset er ein liten avstikkar etter omlag 0.5 km. Her var det bratt ned til sjøen, og flott tillaga med turbenk.

Vi gjekk bratt opp att til råsa,og fortsatte mot Viset. Råsa går i kanten mellom bøane og utmarka. Opp mot Aksleskaret er kasse og turbok.

Mange hadde eit ønske om å gå litt lenger, vi hadde gått i omlag tre kvarter til Aksleskaret. Vi kryssa vegen på Viset og gjekk opp mot Hallvardsætra. Det hadde blitt litt langt å gå heilt rundt, så vi fann ein skogsveg som tok oss over til Hjelle. Derifrå gjekk vi nes til vegen igjen, ned bøane og kom att ved hamna.
På Kvitneset
Turkasse på Aksleskaret

Mot Hallvardsætra.

Tilbake på brua ved hamna i Vaksvika.


Fakta:
Aksleskaret, rundtur Vaksvika/Viset, og opp mot Hallvardsætra.
Turleiarar: Annie Furseth
Tidsbruk: 1,5 t på heile rundturen
Deltakarar: 19

lørdag 23. mai 2015

Årsmøte og nytt styre i Stordal Turlag



23. april var det årsmøte i Stordal Turlag.

Vi har arrangert 13 turar i 2014, to måtte avlysast pga dårleg ver (natturen til Lisjeskorkja og Lisjevasstind).
Vi kan i år notere oss med ein flott sesong. På dei tretten turane var det med i alt 223 stk. På turen til Honndalsrokken var det heile 41 turgåarar med, noko som er rekord.
Flest turar i 2014: Bente Nakken Nilsen og Peder Nerland (12 turar), Hallbjørg Vinje og Ruth Janne Vinje (11 turar), Alexander Oudijk og Kjell Magne Hove (7 turar).
Vi plasserte ut to nye turkasser, på Memorgonhornet og Mohornet (etter ønske frå Mosætra vel foreining).

Val av styre: 
Leiar: Ruth Janne Vinje (gjenval)
Medlemmar: Alexander Oudijk (gjenval), Frode Færøy (ny)
Vara: Kjell Magne Hove  (gjenval), Bente Nakken Nilsen  (ny)

søndag 19. april 2015

Årsmøte

Årsmøte blir torsdag 23. april kl 19.00 på Nilsgardstunet.


Sakliste:
1.       Årsmelding
2.       Rekneskap/økonomi
3.       Kontingent
4.       Val av styre
 Det vert presentasjon av turprogrammet for 2015 og ei oppsummering over kven som har gått flest turar i fjor.
Kaffi & kake - alle velkomne!

Styret

onsdag 22. oktober 2014

Blåskjerdingen

Søndag 5. oktober


Årets siste tur gjekk til Blåskjerdingen, eit grensefjell mellom Vestnes og Haram. Vi starta i sol og flott ver frå Stordal, men etterkvart som vi køyrde utover, mørkna det. Skodda kraup nedover fjella.
Glad gjeng med skjeret i Blåskjerdingen i bakgrunnen.

Startpunktet gjekk frå Rekdalsetra. Vi hadde fått med Rekdalingen Edmund Melkild som kjentmann, og tok ei litt alternativ rute opp til topps. Først gjekk vi opp langs Tverrelva til Røvarhytta. Det er eit segn om at ein lovlaus bodde der, og har i tillegg gravd ned store skattar ein plass i omegn. Hittil har ingen funne noko...

Turen gjekk vidare opp Langedalen, forbi nokre vatn. Vi tok no til på stigninga. Omlag samtidig kom skodda for alvor, med yr og kald gufs. Mange av oss var nok litt dårleg kledd, så det vart ei kald og våt ferd over fjellet.
Kjell Magne i Røvarhytta

Skodda kjem sigande.


Kald fornøyelse på nordtoppen.
Klatring ned skaret mellom toppane.

Vi nådde nordtoppen på 1069 moh etter omlag tre timars gange. Mellom dei to toppunkta er det eit skar som ein må over. Det var litt klatring både ned og opp, men alle greidde det fint. Vi hadde med tau, men fekk ikkje bruk for det. Sørtoppen er den som er mest besøkt, og ligg på 1061 moh. Vi var frosne og våte, og kunne derfor ikkje bie så lenge på toppane.

Titt tei! Merkelege steinar på sørtoppen.
Kort pause rett etter toppen.
Vi tok ein kort matpause i ly rett under toppen. Vi gjekk så omlag 100 meter, og brått forsvann all skodda. Humøret steig i takt med kroppstemperaturen, og vi fekk god utsikt på veg nedatt.

Vi gjekk ned til Forsevatnet og langsetter på austsida. Dermed var det å følge dalen nedover tilbake til Rekdalsetra.
Flotte fargar i haustfjellet.

Fakta:
Blåskjerdingen, Haram/Vestnes. Nordtoppen 1069 moh, sørtoppen 1061 moh.
Turleiarar: Bente Nakken Nilsen/Ruth Janne Vinje/Edmund Melkild
Tidsbruk: 3 t opp, 6 t 45 min tot
Deltakarar: 10


søndag 19. oktober 2014

Josætra

Onsdag 24. september
Stordal Turlag på Josætra


Ein litt grå og trist onsdagskveld - passa utmerket til ein kort tur langs ein skogsveg. Vi var sju stykker som la ut på skogsvegen opp til Josætra. Praten gejkk om dei legendariske hopprenna her i påskene før i tida, i regi av Mindor Sæter.

Skogsvegen vart laga til for nokre år sidan i samband med uttak av tømmer. Den er 2,3 km opp, og vi brukte vel 40 minutt opp. Det ligg to hus på Josætra.

 



Skogsveg heile vegen - greitt å gå.
Fakta:
Turleiar: Ruth Janne Vinje
Tidsbruk: 1,5 t, 40 min. opp
Deltakarar: 7
Høgde: 417 moh

Honndalsrokken

Søndag 14. september

Honndalsrokken

Denne søndagen var det litt skodde og usikkert ver. Men meldingane var gode, så vi tok sjangsen på å reise til Hornindal for å bestige Rokken.

Ved Honndal bru tok vi inn på ein bomveg til høgre. Vi parkerte på ein overfylt p-plass, ikkje alle bilane fekk plass heller. Heile 41 stk var med, og det er ny rekord for Stordal Turlag.

Frå parkeringa gjekk turen slakt framover dalen. Skodda hang lavt, og det var ikkje mogleg å sjå fjella. Vi rasta ved eit vatn, og samla krefter til oppstigninga.  Det var temmeleg brett oppover. Vi følgde ei renne med ein del laus stein og grus. Nokre plassar var det klyvjing opp nokre berg.
Pase ved vatnet. Ser ikkje mykje grunna skodde.
Lang, lang rekke oppover fjellsida.
Skodda lettar, og vi ser toppen.

Utsikt nedover.

Rokken sett frå baksida. Ruta går opp til høgre for toppen.
Vel oppe der det flata litt ut, forvann sokodda på eit blunk, og vi fekk verkeleg nyte utsikta. Vi såg vatnet der vi pausa, og vi såg toppen på Honnindalsrokken. Ikkje berre forsvann skodda, men det vart også sol og strålande ver.

Frå flata går ein i sida på baksida av Rokken, til ein har passert sjølve toppunktet. Her svingar ein oppover igjen.  Små vardar viser veg gjennom ura. Det er stigning igjen før toppen, og når ein kjem ut på kanten er det 1000 meter rett ned til Tyssevatnet. Fantastisk utsikt frå ei stupbratt side.

Utsikt mot Tyssevatnet

Toppvarden

Jubel for dei 41 som gjekk til topps på Honndalsrokken!

Fakta:
Honndalsrokken 1526 moh

Turleiarar Kjell Magne Hove/Alexander Oudijk
Tidsbruk: 3,5 t opp, 7 t tot
Deltakarar: 41



tirsdag 7. oktober 2014

Appelsinhaugen, Ekre


Onsdag 10. september

EIn fin haustkveld i tidleg i september var vi seks som gjekk ein liten tur på Ekre i Stordal. Målet var Appelsinhaugen. Sindre Helland visste både kvar haugen var og historia bak.
Ei gammal kone frå Røyset hadde gitt namn til den lille haugen, sidan ho gjekk på ski dit og åt appelsina si.
Vakkert i haustfjellet på Ekre.
Vi parkerte ved hyttefeltet forbi Ekre og fekk dermed ein liten rundtur. Vi fekk Appelsinhaugen i siktet, og der var det to som allereie venta på oss. Dei hadde gått opp frå Blåtind, og dei var sjølvsagt velkomen i turfølget.
Appelsinhaugen og to som allereie hadde kome fram.
Stordal Turlag på Appelsinhaugen.
Nedatt tok vi ruta som dei andre hadde kome opp, mot Blåtind.
Kjekk tur på ca 1,5 time.