onsdag 25. mai 2016

Utai tunnelane Dyrkorn-Viset

Starten frå Dyrkorn
Turlaget hadde lagt opp til ein spennande tur på gamlevegen mellom Dyrkorn og Viset.
Heile 33 møtte opp til tur denne nydelege vårdagen. Den yngste var fire og den eldste var midt i 70-åra. Vi starta ut Dyrkornstranda til Kokarsteinen. Dette er ein mykje brukt turveg. Synd at kiosken på Kokartsteinen ikkje hadde ope, hadde nok fått selt litt is...

Vidare frå Kokarsteinen er terrenget litt meir attvekse. Vi måtte gå litt på bilvegen ut mot den nyaste Viset-tunnelen. Her klatra vi over autovernet og fortsette på utsida. Det var ikkje lange stykket til den gamle Visettunnelen. Den var jaggu smal, det hadde ikkje vore mogleg for to bilar i breidda. Det er ein møteplass midt i tunnelen, men denne hadde vorte sprengt ut litt seinare.
Pause ved Kokarsteinen

På med hovudlykt og inn i gamle Visettunnelen

Gamlevegen til Viset har ikkje vore i bruk på over 30 år. På Wikipedia står følgande:
Visettunnelen går gjennom Visetfjellet ved Storfjorden på strekningen Viset-Dyrkorn. Den er 1111 meter lang. Tunnelen erstattet et smalt og bratt parti (fra 1939) med blant annet den gamle Visethammaren tunnel (3,4 m bred, 360 m lang). Tunnelen ble bygget årene 1984-1985.

Alle kom seg gjennom med hovudlykt og lommelykt. Det var litt rusk og rask inne i tunnelen; stein, nokre avsaga tre og eit oppbrukt fyrverkeribatteri.
Mørkt - ja!

Vi kom trygt utatt

Bratt utføre, 129 meter rett i fjorden

Eit stykke utanfor tunnelen kom vi til det som ein gong hadde vore ei utkøyrsle. Her var gjerda rasa vekk, og vi såg rett ned i fjorden. Moderne mobilteknologi meldte om at vi var 129 meter over havet. 

Vi kom til Viset. Ein del hadde skyss innatt, medan mange valde å gå samme ruta tilbake.
Utgangen av tunnelen

Overbygget hadde rasa saman


Fakta:
Dyrkorn-Viset
Dato: onsdag 25.5.2016
Turleiarar: Alexander Oudijk
Tidsbruk: 2 t
Deltakarar: 33

søndag 15. mai 2016

Hovsnakken

Onsdag 11. mai 2016

På Hovsnakken
Årets første tur gjekk til Hovsnakken, som ligg rett over Hovslia. Det var ein nydeleg kveld, sola skein og 12 var med på tur. Turen til Hovsnakken (også kalla Nakkjen) er bratt, så ein fekk sveitte bra opp gjennom. Det var stort sett snøfritt, berre i siste bakken låg det litt igjen.

På Hovsnakken er ei lita gammal sæterbu, gjerne brukt til overnatting under jakta. Vi fekk skrive oss i turboka, og fortsette litt lenger opp. Der fekk vi utsikt over Storfjorden og Holmen. 

Fotografering av Stordalen og Hovsnakken
Turgjengen med Varden i bakgrunnen
Fakta:
Hovsnakken, 540 moh
Dato: onsdag 11. mai
Turleiarar: Bente Nakken Nilsen
Tidsbruk: 2 t totalt, 1 t opp
Deltakarar: 12

Nytt tur-år

2016 er i gang, og vi håper på mange fine turar i år også.
18. april var det årsmøte på Nilsgardstunet. 12 medlemmar møtte opp.
Frå turen til Ormula i Valldal i 2015


Heile styret vart gjenvald, og består av:
Leiar: Ruth Janne Vinje
Medlemmar: Alexander Oudijk, Frode Færøy

Vara: Kjell Magne Hove og Bente Nakken Nilsen

I fjor gjennomførte vi 13 turar. To måtte avlysast. Det var natturen til Lisjeskorkja og Geitebotstind med travers. Nokre valde likevel å gå Geitebotstind.


Vi hadde for første gong ein overnattingstur. Eigar av Ytste Åkerneset, Nils Roger Matvik, tok oss med over fjellet og ned på Åknesrevna. Oppvartning og overnatting på fjellgarden. Dette var ein interessant tur, sjølv om berre ni var med.

På dei tretten turane var det med i alt 148 stk. Det er litt nedgang frå tidlegare år, mykje dårleg ver tidleg på året kan vere litt av grunnen.
Dei som har gått flest turar er: Ruth Janne Vinje (12 turar), Stig Runar Nakken (10), Bente Nakken Nilsen (9)



Vi har plassert ut tre turkasser i 2015; på Lisjeskorkja, Storebua og Kvitegga.