lørdag 23. august 2014

Djupdalen i Stordal

Søndag 17. august 2014


Turlaget i støa i Djupdalen

Djupdalen er ein litt utilgjengeleg fjellgard for dei fleste. Garden ligg 354 moh, og med ei bratt rås opp.

23 stk vart med Stordal Turlag søndag 17. august. Vi hadde fått Jan Kåre Isvik og John Hove/Per Kjell Holtleite til å køyre oss ut med båt. Det var ikkje noko lett å legge til, men alle kom seg frå båtane og opp i fjøresteinane.
Kjell Magne testar oppkoma. Litt salt!
Djupdalen har eit naust/hus nede ved sjøen. Her er det ei oppkome heilt nede ved vasskanten. Nokre smakte på dette vatnet, og merka seg at det smaka salt, men ikkje heilt som sjøvatn.
Råsa opp til Djupdalen er rekna for å vere av dei brattaste i Storfjorden, og enkelte hadde grudd seg til oppstigninga. Vi kom til at det var bratt, men at ein likevel aldri kjende seg redd. Det var heile vegen både fotfeste og «tak» for hendene, så det gjekk greitt for alle som var med. Enkelte plassar var det oppmørkna treverk, og der måtte ein trakke litt varsamt. Også dei tre-bruene vi gjekk over hadde trengt ei overhaling.

Vel oppe på kanten tok vi oss ein pause. Turleiar Jan Helland hadde funne litt historie om Djupdalen. Han kunne fortelje, no når alle hadde kome seg vel opp, at den gongen Djupdalen var bosett, hadde kona på garden ramla i den bratte stien, og slått seg ihel. Det var attpåtil på veg til kyrkje.
Alexander lurer på om han skal balansere ut på den velta trestokken. Han gjorde det ikkje.
 
Lang rekke på veg opp den bratte råsa.
Olga og Tomaz frå Polen på veg opp.

Frå kanten var det enno meir stigning opp til der den første garden hadde vore. Her var det berre tuftene att.  Enno meir stigning før vi nådde huset i Djupdalen. Huset såg velhaldt ut. Det er eigd av fam. Fivelstad på Stranda. Vi fekk vite at Dagmarstormen hadde gjort skade på taket ved at eit tre hadde ramla over. Dette såg ut til å vere ordna. Løa var det berre tuftene att av.
Gamle tufter der den første garden var.

Huset i Djupdalen såg velhalde ut.

Jan Helland fortalde meir om historia til garden. Det var mykje furu her, og mykje treverk vart frakta frå Djupdalen ned til sjøen.
Frå Djupdalen var det enno meir stigning, før det endeleg flata ut. Vi gjekk til Holmesætra, litt motsatt veg enn deit vi skulle. Her møtte vi Ivar Holme som hadde fått helikoptertur til Holmesætra til 85-års gåve. Med seg hadde han søstrene Bodil Holme og Inger Osvik. Dei hadde vore på sætra i fem dagar.
Pause ved Daumårsegga.
Turlaget gjekk så den lange vegen frå Holmesætra til Ansok i Liabygda. Råsa er godt merka av trottuge Liabygdarar. Litt opp og ned, men likevel lett å gå. Vi hadde ei lita pause under fjellet Daumårsegga, som ligg akkurat på kommunegrensa til Stranda. Vi passerte Storvassdalsvatnet, før vi byrja på nedstigninga til Klevbergsætra. Utsikta til Stranda og Storfjorden var flott her. Her kom det også regn, og vi måtte på med regnklede. Vi gjekk forbi idylliske Hammaren, før vi kom inn på vegen ved Klevberget, og vidare til Ringset.
Litt regn når vi nærma oss Liabygda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar